PalanerGratis i App Store
Hent
Odd Nordstoga @ Ole Bull Scene
Music

Odd Nordstoga @ Ole Bull Scene

onsdag 20. januar 2027, 18:00Lokal tid (Oslo)
Ole Bull Scene, BergenVegskildring
Pris på billettsidaBillettar blir selde av ticketmaster.no
Bestillvia ticketmaster.no
Legg til i kalender

Lastar ned ei .ics-fil · Tider i Europe/Oslo · Google Calendar

Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera. Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg -- i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar. Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No er han aktuell med ny, strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kom i haust, tek han med seg sitt glimrande band og vitjar Ole Bull Scene 20.januar

Ask Palaner

Going to Odd Nordstoga @ Ole Bull Scene? Ask me anything about it.

I read the organiser's pages and answer in a few seconds.

Answers are AI-generated · Privacy